ANFOlogo
Victoria C. Schultz, konserndirektør Amedia salg og marked. Her på debatt om medievanar hos Deloitte i november 2018. (Foto: Ole Alexander Saue)
  • Både Schibsted og Amedia med printvekst i oktober. – Ekstremt motiverande - Medier24

Både Schibsted og Amedia med printvekst i oktober. – Ekstremt motiverande

Anfo kommenterer annonseutviklingen i A-Media og Schibsted

  • By
  • Ole Alexander Saue, Medier24

- Det har blitt lov og rom for å snakke om print igjen, seier annonsedirektør i Schibsted, Per Håkon Fasting. Analytikarar er meir skeptiske.


I ei tid med digitalisering og fallande inntekter frå trykte annonsar, opplevde Amedia
i oktober ein liten opptur. For første gang sidan fusjonen mellom A-pressen og Edda Media, har konsernet ein inntektsvekst frå trykte annonsar. – Me hadde vekst i samla annonseomsetnad i oktober, og vekst i alle kanalar. Den digitale veksten har vore tosifra i år for våre lokalaviser. At me i oktober skulle klare å gå forbi fjoråret med samla vekst og vekst i alle kanalar er fantastisk, seier Schultz
til Medier24. Det mest oppsiktsvekkjande er likevel veksten i trykte annonsar. – Fallet i print har vore ein trend i marknaden lenge, og den følgjer lesarutviklinga, men har tidvis hatt større fall enn det kanalen fortener. No opplevde me ein månad med vekst mot fjoråret og det er ekstremt motiverande, fordi det betyr at kanalen igjen får den anerkjenninga den fortener, seier ho.

Les hele saken her